Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. mai 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
Web-kamera på Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela. 
Klikk for større bilde og valg av andre pilegrimsmotiv 



Spania-magasinet






ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Harald Olsen:
Havets pilegrimer





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Pilegrimskontoret den "inneklemte" fredagen

Avduking av pilegrimsskulptur
på Toten
Kr himmelfartsdag
Tilbake til nyhetsoversikten
_______________________________________________________________________


Pilegrimsvandringa frå Seljord til Røldal
07.08.2016 23:29
Starten i Seljord kunne ikkje vore betre; med sol og NRK-Austlandssendinga på plass. Og som alltid var det godt å komme fram til Røldal


           

Under gudstenesta i Seljord vart det berre sunge Landstadsalmer, etterpå var det kyrkjekaffi og kyrkjeorientering ved Bergit Telnes. Så kunne 12 vandrarar leggje i veg. Hallgeir Brekke fylgde dei til Vigdesjå der Olav Sollid overtok og vart med vidare. I Brunkeberg stilte damer frå Kviteseid sokneråd opp med kaffi og og noko å bite i. Her vart det også omvising i kyrkja. Til Morgedal Gjestehus kom dei i godt driv, og tidlegare enn grupper før dei. Å vera her var eit godt alternativ til Morgedal Camping som no er ein saga blott.

Neste dag var det som alle dei 5 føregåande åra; regn. Men gjengen var mota, og Tarjei Førstøyl det same. No skulle dei gå opp ei nokså bratt li, og seinare over blaute og sygande myrar. Fram til Trovassli Leirstad på Øyfjell kom dei i rimeleg tid, og fekk dusja og hengt opp kleda til turk før Halvor Nordal kom med maten, noko han også gjorde både i Morgedal og Hyllandsfoss.

Neste dag var det helst fint ver og Tarjei stilte då og. Men fyrst var det samling i Øyfjell kyrkje og omvising av Gudny Unhjem. Denne etappen er reine sjarmøretappen, så då alle var framme på Hylland vart det og tid til ein Åmot-tur. No vart vi og ein meir, ei som i utgangspunktet ville gå frå Eidsborg.- Trur vi frå neste år har berre eitt alternativ, då frå Seljord med høve til å slutte seg til langs ruta.


Om søndagen stilte Olav Groven og Aslak Bekkhus opp i regnklede. Starten vart litt tidlegare enn vanleg for dørene på Midtbø skulle opnast kl. 12, og det var det ynskjeleg å vera med på. Kaffiservering vart det i drengestoga i prestegarden i Vinje før Morgan Thorsen, pilegrimspresten vår, heldt messe i kyrkja. På Mjonøy venta mjuke senger og god mat.

Neste dag vart Olav Nordstoga med eit stykke på veg. Ragnvald Christenson møtte ved Grungebru der nista vart innteken ilag med journalist frå TA. Han var då dagvandrar vidare til Velemoen. Men før vi kom dit, var det stopp ved Grunge kyrkje til kaffi og «Vaktmeistarkake». Lokalhistorikaren Alv Halvor Straumstøyl kom og tok føre seg kyrkjesoga. Etter matøkta vart det å vandre på ny pilegrimsveg til overnattingsstaden. Sidan der ikkje er nokon samlingsstad på Velemoen, vart måltida inntekne på Haukeli Hotell.

Herifrå starta neste dagsetappe med Tjøstov Kvålen som rutinert dagsleiar. Denne dagen vart noko lenger enn tidlegare, sidan vi ikkje lenger stoppar på Fjellstad men har fått «lodgen» til Haukelifjell skisenter som base. – Ikkje noko dårleg byte.

Vandrarane tykte det var greitt å sleppe pakke ned utstyret kvar morgon sidan vi no vart verande her i tre netter. Ein gamal kjenning og fjelltravar; Eilev Erikstein, vart med neste dag til Ulevå. Nok ein dag med regn og over mange snøfenner. På Ulevå venta ein kopp varm saft.

Bratland Buss syter for transporten når vi er i høgfjellet, og Haukeli Hotell leverer middagen. Vi er svært godt nøgde med begge deler.

Nest siste vandringsdagen var det underteikna som var dagvandrar. Vi kunne ikkje gå den vanlege ruta på nordsida av Ståvatn, då brua ikkje er komen på plass etter snøvinteren i fjor. I tillegg var snøskavlen ved Hadlene risikabel å kryssa. Så vi gjekk på sørsida; over bekker og myrar, Ja, og så skunda vi oss over snøbruer. Matpausen hadde vi i vegbrakka, og vart henta på Svandalsflona i god tid. Og inntil då hadde kleda turka og.


Fredag var Magnus Solbakken med som dagleiar. Trur gruppa hadde ein fornøyeleg nedstigning, om bjørkekrattet var tett og graset var høgt. -Det merkast at Svein Gjørv ikkje er der lenger med øks og ljå.

I Røldal vart alle som var igjen installerte på «Løo», og avslutta vandringa med auremiddag på Skyss-stasjonen. Så kunne pilegrimsstemnet ta til

Margit Gjørv















Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Guidebøkene fra Verbum


Santiagobøker


Guidebøker for spanske vandringsveier

Ny norsk guidebok Oslo-Nidaros


Ny engelsk guidebok Oslo-Nidaros


Første norske bok om Via Francigena


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Viktig merknad:

Denne nettsiden administreres på frivillig basis uten noen offentlig støtte. Siden inneholder mange lenker til andre nettsider, og har mye informasjon om vandringer, arrangementer, pilegrimsveier, avstander, herberger med priser og åpningstider osv. Vi tar ikke ansvar for korrekt eller oppdatert informasjon, og tar gjerne imot beskjed hvis noe er feil.



Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.