Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. mai 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
Web-kamera på Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela. 
Klikk for større bilde og valg av andre pilegrimsmotiv 



Spania-magasinet






ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Harald Olsen:
Havets pilegrimer





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Pilegrimskontoret den "inneklemte" fredagen

Avduking av pilegrimsskulptur
på Toten
Kr himmelfartsdag
Tilbake til nyhetsoversikten
_______________________________________________________________________


Langs kystleia nordfrå til Selje
23.08.2016 23:00
Som i fjor var Seljumannamessa målet for årets pilegrimsreise langs Sunnmørsleia. Det gjekk ikkje heilt som fyrst planlagt, men det blei likevel ei fin pilegrimsreise

Giske sokneråd hadde planlagt ei reise som skulle starta ved Giske kyrkje, men denne reisa fekk berre 5 påmelde, så ho vart avlyst.

Dei påmelde fekk tilbod om å bli med på Det Norske Misjonsselskap Region Møre si reise som starta to dagar seinare.

Det opphavlege programmet vart endra noko. Mellom anna vart veteranbåten Jacob Jenssen brukt til alle transportetappane over sjø, noko folk sette stor pris på. Til saman var det 28 personar som gjennomførte reisa.

Ruta byrja med utsendingsmesse i Hareid kyrkje 30 juni. Pilegrimane fekk bollar og varm drikke av lokale misjonsvenner før gudstenesta. Første vandreetappen gjekk frå Hareid kyrkje til Ulstein kyrkje. Også der fekk pilegrimane kaffi og kake. Etter tidebøn gjekk turen vidare med MS Jacob Jenssen frå Ulsteinvik til Kjeldsund. Overnatting på Kjeldsund.

Dag to segla vi rundt innsida av Gurskøya og vidare til Marøya. Der gjekk pilegrimane av og vandra 3 km over brua til Sandsøya og til Sande kyrkje. Etter omvising og tidebøn vandra me vidare langs den øvre vegen 3 km til Fiskarheimen i Sandshamn. Båten tok oss vidare til Åheim med middag og overnatting i Jetmund gjesteheim, og  pilegrimsmesse i Jetmundkyrkja.

Laurdag segla vi til Leikanger og vandra opp til Olavskrossen og der hadde vi tidebøn. Fire andre pilegrimar gjekk saman med oss.

På vandringa vidare delte pilegrimane seg i to grupper: ei som gjekk i roleg tempo langs kyrkjestien til venstre for Sjåvarden, og ei som gjekk i raskare tempo opp til Sjåvarden og ned på kyrkjestien igjen. Begge gruppene nådde fram til middag i prestegarden.

I prestegarden tok sokneprest Kari Leine Balog i mot vår gruppe og ei gruppe som skulle vidare nordover med hardangerjekta Mathilde frå Åheim måndag morgon. Representantar for Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad serverte og delte informasjon. Etterpå var det konsert i Selje kyrkje.
 

Søndag tok vi maxitaxi til Selje sentrum og snøggbåt til Bø på Selja før vandring med guiding  av Bjørn Jensen  til klosteret. Han fortalte om nye funn på Bø. Vi kom fram like før gudstenesta byrja. Pilegrimane var med i prosesjon inn til gudstenesta. Dei to pilegrimsprestane fekk spontant tildelt leseoppgåver i gudstenesta.

Det regna kraftig under gudstenesta, så folk blei våte og kalde. Me hadde planlagt å eta niste og ha ei samling i klosteret etter gudstenesta, men folk måtte bevega på seg for å halda varmen, og mange gjekk mot Bø.

Etter båttransport tilbake til Selje sentrum, samla gruppa seg ved Sunnivastatuen for felles avslutning.

Ved kaien på Leikanger kom me til ein stengd port, for byggefirmaet som eig kaien opna ikkje før etter ein halv time. Det løyste me på kreativt vis ved at nokre gjekk langs ein smal kant ved sjøen, og andre brukte stige for å komma over porten.

Og når alle endeleg var komne over, kom betjeninga for å opna!


Stille vandring og tidebøn. Mange har sett pris på at vandringa har hatt eit tydeleg pilegrimspreg. Dagen har vore ramma inn av tidebøn morgon, middag og kveld, og delar av vandringa har vore stille. Då har me byrja og avslutta den stille vandringa med å stå i ring og be velsigninga i lag.

Overnattingsstadene  Kjeldsund og Jetmund gjesteheim eignar seg særs godt for pilegrimer, og må absolutt vera med på kartet når Kystpilegrimsleia skal få ei offisiell oversikt over overnattingsstader.

Alt i alt må me seia oss svært godt nøgd med gjennomføringa av denne pilegrimsreisa.

Dette er eit samandrag av rapporten som er skriven av vandringsleiar Geir Sakseid, sokneprest i Giske og Vigra.















Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Guidebøkene fra Verbum


Santiagobøker


Guidebøker for spanske vandringsveier

Ny norsk guidebok Oslo-Nidaros


Ny engelsk guidebok Oslo-Nidaros


Første norske bok om Via Francigena


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Viktig merknad:

Denne nettsiden administreres på frivillig basis uten noen offentlig støtte. Siden inneholder mange lenker til andre nettsider, og har mye informasjon om vandringer, arrangementer, pilegrimsveier, avstander, herberger med priser og åpningstider osv. Vi tar ikke ansvar for korrekt eller oppdatert informasjon, og tar gjerne imot beskjed hvis noe er feil.



Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.