Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. april 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring









Trugepilegrimer
langs
Vestfoldleden

       

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Sommerens vandring langs Sunnivaleia
03.02.2018 23:03
For sjette gang arrangeres det vandring fra Florø til Selje. Og som vanlig starter det hele med Kinnaspelet ved den gamle kirken på Kinn. I år skjer det 17 juni

https://selje.kommune.no/handlers/bv.ashx/i20b6d037-b4af-4832-9462-1db3762d3ae8/pic.jpg

Sunnivaleia knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja i Sogn og Fjordane fylke, med klosterruinane på Selja ved Stadhavet som mål. Leia går langs kysten frå Florø, om Kinn, over Bremangerlandet, via Vågsøy og til Selje. Prest og lokal kjentmann er med.

Det er Kinn – Selja som er tilrettelagt og merka for vandring. Men strekninga frå Bergen til Selja utgjer heile Sunnivaleia, og er dessutan ein del av kystpilegrimsleia til Nidaros. 

Velkomen som pilegrim på Sunnivaleia 2018!

Vandringa i juni 2018 er tenkt for norske og tyske pilegrimar. Det er sjette gong med dette konseptet, og erfaringane er overvegande svært gode. Det er ikkje krav til språkkunnskap.

Vi startar vandringa med Kinnaspelet, eit historisk spel som m.a. presenterer  Sunnivalegenda i mektige, naturlege kulissar på øya Kinn utanfor Florø. Der er vi også med på gudsteneste i Kinnakyrkja frå 1100-talet  

Leia går både ute i terrenget (til dels ulendt) og langs veg. Deltakarane må vere fysisk i stand til å gå opp til 26 km for dagen. Det er viktig med godt skotøy eigna for både ulendt utmark og asfaltvegar, og dessutan kle som toler både regn og vind. Bagasjen vert frakta. 

Overnatting 
i seng eller på madrass i sovepose. Dersom ein ynskjer betre standard, som rom åleine eller oppreidd seng der det er mogeleg, må ein betala mellomlegget sjølv. Den overnattinga i Selje som er inkludert i prisen, er privat og kan ha enkel standard. Om nokon ynskjer betre overnatting, sjekk med turistinformasjonen i Selje. www.selje.kommune.no

Pris for å delta på organisert vandring er kr. 6350, - inklusive mat, spel, bagasjefrakt, transport og overnatting. Betaling til konto: 3790 15 18433 til Sunnivaleia v Kari Leine Balog.  
NB! Dersom nokon ikkje treng overnatting i Florø frå laurdag til søndag, er prisen 6000 kroner.

Vandreleiarar: Jorund Levorstad, prest Kari Leine Balog. 
For spørsmål og påmelding: Ta kontakt med Kari Leine Balog, prostiprest i Nordfjord, enten på e-post: kl-balog<>online.no (sett inn @) eller på mobil +47 950 56 253.

Viktig! Vi er ikkje ein offisiell turarrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.

Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9. Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast. 

Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. - NB! Frivillig! 
Me går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg. Det er fullt lovleg å seia frå at / om ein ynskjer å gå i fred utanom dette. 

Transport heim: Ekspressbåt eller buss til Bergen/Oslo. Ekspressbåten frå Selje brukar 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.15 og alle kvardagar kl 06.50 og 15.20. Laurdag berre kl 06.50.
Det er to bussavgangar dagleg frå Måløy til Oslo, nattbuss og dagbuss. Det må organiserast køyring frå Selje til næraste stopp. Det let seg ordna. 

Vandringa 2018

NB: Alle overnattingsstader er enno ikkje spikra. Det kan verta små forandringar. 
 

Laurdag 16 juni: Overnatting på Hotell Efinor i Florø. Innsjekking frå kl 14. 
Ein kan koma til Kinn søndag om ein ikkje treng overnatting i Florø, men erfaringa syner at det er godt å samlast laurdag.  

Søndag 17 juni:
 Båt Florø - Kinn - Florø - Smørhamn.
Me tek  del i programmet på Kinn,  jfr www.kinnaspelet.no. Gudsteneste i Kinnakyrkja frå 1100 talet. Konsert. Vandring rundt øya.
Overnatting: Smørhamn handelsstad.

Måndag 18 juni:
 Smørhamn - Ryland - avstikkar til Grotlesanden - Havly (Iglandsvik). Ca 22 km. Overnatting og middag: Havly. 

Tysdag 19 juni: 
Havly - Oldeide - Måløy - Ulvesund fyr. 16 km
Truleg båtskyss med veteranbåt frå Måløy til Ulvesund fyr.
Overnatting: på Ulvesund fyr. 

Onsdag 20 juni:  Ulvesund fyr - Deknepollen - Fjordly. 26 km 
Vandring langs fjorden, inkludert ein liten tunnel. For det meste er det mogeleg å gå i vegkanten og sleppa asfalten.
Overnatting: Fjordly ungdomssenter.

Torsdag 21 juni: Bryggja - Rimstaddalen – Berstad i Selje. 18 km.
Festmiddag og overnatting privat i Selje

Fredag 22 juni:
 Båt til Selja. Vandring og omvisning i klosterruinane. Gudsteneste i Sunnivahelleren. Overnatting og middag: privat i Selje.

Laurdag 23 juni:  Båt til Bergen kl 06.50. 
Eventuelt høve til improvisert tur på Stadtlandet (Dragseidet, Drage, Vestkapp, Ervik mm.)  Høve til enkel overnatting i Selje til søndag utan tillegg i pris.

 






Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.