Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
16. november 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger
Pilegrimsvandring i Italia







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring





Synnøve Skåksrud:
Min tur nå!
Vandring fra Haslum til Roma 2017





OBS: Pilegrimskontoret holder stengt torsd 15 november

Nettverksmøte
med innspill til
ny langtidsplan

       

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Pilegrimen med kvinneprofil
08.03.2018 14:47
Kvinner i pilegrimssamanheng har ei lang og ubroten historie. No har fire av dei laga ei utgåve av Pilegrimen der kvinneperspektivet er tydeleg


     

I mange år har radarparet Eivind Luthen og Tormod Berger styra Pilegrimen med fast hand og sprudlande formidlingsevne, og gledd oss med interessant, opplysande og spektakulært stoff. Pilegrimen er eit magasin som stadig engasjerer og gir utgangspunkt for refleksjon.

Det håper vi og vil skje med den utgåva av magasinet som no går i trykken!

Fire kvinner med sterk tilknytning til Pilegrimsfellesskapet St. Jakob har teke imot stafettpinnen og kvitterer med ei utgåve av Pilegrimen der kvinneperspektivet viser seg på mange vis: stoffval, skribentar og utforming gir ein kvinneprofil som vi håper vil falle i smak hos lesarane våre!

Kvinner i pilegrimssamanheng har ei lang og ubroten historie som vi prøver å veve eit fargerikt teppe av i dette bladet. Kva  byr vi så på?


Synnøve Skåksrud
På framsida møter vi Synnøve Skåksrud, og inne i bladet får vi historia hennar. Som nybakt pensjonist starta ho i Haslum utafor Oslo midt i juli, og gikk samanhengande sørover gjennom Europa, og kom fram til Roma i desember!Gjennom tre årstider og mange land vandra ho, stort sett aleine, med stødig kurs sørover. Kjersti Marken har intervjua henne, og vi byr på smakebitar frå bloggen til Synnøve.
Kven har gjort dette før henne!

Gry Folge
Motsett veg, og på utruleg overtydande vis, har Gry Folge gjort pionerarbeid på grensa mellom Portugal og Spania. Frå sør til nord har ho leita, kartlagt og gjennomført ei vandring på gamle pilegrimsvegar,  fullstendig utan gule pilar eller herberge! Den fascinerande historia har ho beskreve og illustrert i ein flott artikkel, som kan både inspirere og fascinere, trur vi!


Individuell grensesprenging
Men ikkje alle skal, eller kan flytte grenser så banebrytande som dei to har gjort. Poenget er at alle kan våge å krysse grenser i sitt eige liv, og dei spranga er viktige for einkvar! I artiklane En følelse av frihet  såvel som  Camino del Norte, Er det farlig å gå på Caminoen? og Inn i det hellige skriv artikkelforfattarane om søking, satsing og opplevingar på ulike vandrevegar. Flotte kvinner på Olavsvegen - ved tre av dei presenterer  viktige pionerar som våger å gjere næring av at vandrarar får husly og hjarterom
.

Historiske fyrtårn
I bladet vandrar vi gjennom historia og møter spennande kvinner som pregar pilegrimstradisjonen: Egeria, den første kvinna med dokumentert vandring gjennom overleverte reisebrev. Ira av Kilkenny er rekna som fostermor for irske helgenar. Hildegard von Bingen er ei markant kvinne med ei gripande og modig historie som står like sterkt i dag som på hennar tid.
Vår eiga Sigrid Undset  blir presentert gjennom eit forkorta, velskreve essay, På pilegrimsferd.

Et lynnedslag som forandret verden
Ein mann er med i den «historiske kavalkaden». Solveig Roll-Hansen Flugstad fortel om om ei inntrykksfull Luther-reise i jubileumsåret 2017, da ho saman med reiseklubben og Eivind Luthen vitja Tyskland. Ho beskriv Martin Luther sin veg mot personleg friheit gjennom sterke opplevingar, noko som vart avgjerande for utviklinga av heile den europeiske historia dei siste fem hundre åra.

Pilegrimsvandring i Norge - en religiøs innovasjon?
Lisbeth Mikaelsson
, historieprofessor, gir oss ein  interessant artikkel der ho set den historiske pilegrimsvandringa i perspektiv. Ho følger på med tankar rundt det ho kallar protestantisk pilegrimsrenessanse, noko som synest aktuelt for mange «moderne pilegrimar». Ho snakkar om «.....det europeiske årenettet som pilegrimene nå fyller med friskt blod». Det ho skriv om religion som kulturell ressurs er tankevekkande!

Her kan du lese Mikaelssons litteraturliste knyttet til artikkelen 

Innimellom....
har vi leika oss litt. Ikkje noko kvinnenummer utan praktisk tilknytning. Mat- og strikkeoppskrifter i tillegg til forslag til omsøm av klesplagg til vandrebruk kjennest naturleg å ha med!

Takk frå redaksjonen

Vi i redaksjonen har hatt ei hektisk, utfordrande, travel og givande etterjulstid. Redaktør Kjersti sat heldigvis med beinet høgt ein periode og heldt samtidig tunga veldig rett i munnen i styring av framdrifta av bladet.

Geografisk spreiing er inga hindring, og Bente i Trondheim rakk både å skrive flotte artiklar og få ein velfortent Spania-tur undervegs. Simultanjobbing, er det eit kvinne-fenomen.....? Gry, som hardt arbeidande yrkesutøvar, har fleire timar i døgnet enn dei fleste, eller så brukar ho dei på begge sider! Eg har vore så heldig å vere med både i den faste redaksjonen, og dette «pilotprosjektet», så med antropologisk bakgrunn kan eg samanlikne redaksjonelle stilar.

    

Som ankermann har Tormod Berger stilt opp, alltid like engasjert og bejaande, sjøl om dei grå håra nok har vorte nokre fleire i løpet av perioden!

No er resten opp til lesarane. Ta godt for dykk av alle inntrykka; le, gråt, bli rivne med, opprørt, opplyst, kanskje til og med oppglødd!

Takk for oss!

Kjersti Marken, Bente Berg, Gry Folge og Bente Eliassen





Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues




Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.