Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
16. november 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger
Pilegrimsvandring i Italia







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring





Synnøve Skåksrud:
Min tur nå!
Vandring fra Haslum til Roma 2017





OBS: Pilegrimskontoret holder stengt torsd 15 november

Nettverksmøte
med innspill til
ny langtidsplan

       

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Pilegrimen nr 2 underveis!
27.06.2018 12:43
Det andre nummeret av Pilegrimen i 2018 er no ferdig frå trykken! Iherdig jobbing dei siste månadene har ført til eit blad som vi gler oss til å sende ut som ferielektyre

Tematisk har vi ei stor spennvidde på denne utgaven og, men vi ønsker å utheve nokre sentrale område. Vi presenterer nokre litt uvante, men veldig interessante pilegrimsruter:

Japan
På framsida byr vi på noko heilt anna. Tarjei Ness Skrede tek oss med på ei spennande vandring i artikkelen Shikoku 88 Temples Pilgrimage i Japan. Der møter han buddhisttradisjonen på Shikoku gjennom ei vandring rundt øya, der faste rituale er ein vesentleg del av innhaldet.

Pilegrimsvandring hører til i alle religionar, og dette er ei flott påminning om mangfald i vandringstradisjonar.



Island
Enda ei øyvandring kan vi by på, nemleg i artikkelen Pilegrimsvandring... på Island!? der Karvel Strømme skriv om Island. Rike historiske tradisjonar dannar ramma rundt ei lokal vandring der.

Ungarn (og Vestfold)Ungarn har vi kanskje ikkje tenkt på som pilegrimsmål, men i løpet av styreturen til Budapest fekk vi augo opp for at dei langt aust i Europa startar på pilegrimsvegar som i sin tur kan føre til sentralmål som Santiago de Compostela.

Utan samanlikning forøvrig stiller den norske Vestfoldleia i same kategori, som ein veg ut i Europa like mykje som ein veg til Trondheim.

Arbeidet med Vestfoldleia får og ein artikkel i dette nummeret, der Eivind Luthen skriv I vikingenes og pilegrimenes fotspor.

Miklagard
Pilegrims- og vikingfartyet Klåstadskipet i Tønsberg får si offisielle sjøsetjing torsdag 6. september (merk datoen, for her blir det planlagt stor festivitas). Skipet skal segle langt og lenge, med mange moglegheiter til å få med ein spennande etappe. Midtsida i dette bladet viser den fantastiske reiseruta.

Kystpilegrimsleia
, som og får oppslag i bladet, blir ein del av denne reiseruta i Norge. Det er klart at historisk sett brukte mange pilegrimar sjøen som pilegrimsveg for å kome fram til det heilage målet.


Østerdalsleia
Dei fleste av oss vel tradisjonelle ruter for vandringa vår, men vi ønsker jo å fortelje om dei som er mindre kjente og. Østerdalsleia er ei slik rute, som eit alternativ for å kome til Trondheim.

I Østerdalsleia, leia med telt, kart og kompass? prøver Bente Eliassen å finne ut om dette er ei farbar lei for alle, eller berre for dei mest interesserte.


Kva er ein pilegrim?
Vi kjem ikkje utanom spørsmål som heile tida er aktuelt for mange: Når er eg ein pilegrim, og kva gjer ei vandring til ei pilegrimsvandring. Desse refleksjonsområda får spalteplass i fleire tekstar, både frå redaktør Kjersti og vår faste danske «klummeskribent» Bent Juel, som alltid gir oss noko å tenke på, denne gongen gjennom Pilegrimsvandring som overgangsrite.

Gode skribentar i rekke og rad
Vi er så heldige å ha flinke og produktive bidragsytarar som ausar av mangfaldet sitt: Gunnar Hokstad skriv ein flott artikkel om Alhambra, det fantastiske maurerpalasset i Granada i Spania, og Bente Berg gir oss kjennskap om ei formidabel kvinne, Margery Kempe. Tormod Berger tek for seg Miam Miam Dodo, som ein kjent og kjær følgesvein for alle vandrarar på franske vegar.


I dette nummeret inviterer vi og deg som lesar til å leite i «arkivet» ditt etter ei oppleving, lita eller stor, som du kan tenke deg å skrive og dele med andre.

Ein stor takk retter vi til alle som har gjort sitt til at bladet kjem ut til ferien, og vi ønsker alle lesarane ein fin sommarferie med gode, langsame rørsler, der vi har tid til sansing og refleksjon i den vakre årstida!

Helsing frå redaksjonen – ved BE





Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues




Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.