Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
12. desember 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger
Pilegrimsvandring i Italia







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela akkurat nå.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv


Nyhetsbrev fra Spania











ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring





Synnøve Skåksrud:
Min tur nå!
Vandring fra Haslum til Roma 2017





Pilegrimskontorets åpningstider i juletiden

Nye t-trøyer
for
pilegrimer

         

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Nytt Pilegrimen i adventstida!
27.11.2018 23:36
Årets tredje nummer av Pilegrimen er i trykken, og det dukkar snart opp i postkassa til medlemmane

 

 Som vanleg kan redaksjonen by på 48 sider med rikhaldig  innhald. Denne gongen dekker vi nesten heile Europa og litt av Asia med interessant og variert artikkelstoff. Det er både kjente og meir ukjente vegar som fører til heilagmåla!





Europa Nostra - vårt Europa

Pilegrimsfellesskapet er medlem i denne organisasjonen, som er ein vaktar av europeisk kultur og samarbeid, og i alt arbeidet vi gjer, ligg dette under som ein del av fundamentet vårt.

Vi slår eit slag for vandring som ein fredfylt aktivitet -  i vår tid kan vi knytte relasjonar, utvide vår kulturelle og geografiske horisont, og sakte få kjennskap til både eige land, naboland og land langt i sør, vest og i aust.

Kanskje er det viktigare enn nokon gong å tenke Europa som ei einheit!


Mange nye ruter
Artikkelstoffet strekker seg geografisk i alle himmelretningar:

Lengst mot nord finn vi Inger Marie Liodden som tek oss med rundt 500 kilometer på St. Olavsleden frå Sundsvall over svenskegrensa til Trondheim.

I nordvest gikk ei ganske stor gruppe  den flotte St. Cuthford's Way  på grensa mellom Skottland og England til Lindisfarne tidleg i sommar.  
Går vi mot aust, slår vi følge med to glade damer på Jakobsvegen frå Budapest gjennom Ungarn.

I søraust, i Lilleasia, går avtroppande leiar Trond Muri videre mot Betlehem, no gjennom Tyrkia.

Eivind Luthen har stoppa ved vakre Hagia Sofia i Istanbul og gir oss ein smakebit på historie og oppleving.

I sørvest møter vi to karar som har prøvd seg både på Via de la Plata frå Sevilla til Santiago og gått opp nye stiar i Sveits og Frankrike mellom byane Geneve og Le Puy.

Og Gunnar Hokstad krydrar spanskeruta med ein fascinerande artikkel frå for oss meir ukjente Mérida, den viktigaste romerske byen utanom Roma sjøl.


          



Tid til ettertanke og refleksjon

Den som ikkje finn noko som pirrar lysten på nye opplevingar gjennom dette utvalet, blir likevel ikkje skuffa.

Camino Primitivo, den første pilegrimsvegen til Santiago, har mykje å by på.

Og - det er ikkje alltid naudsynt å gjere noko nytt. Den indre vandringa har vi jo moglegheiter til å få tak i uansett kor vi er. Vandring mot fridom mot Røldal er eit døme på det.



            

Litt julerelatert stoff er det og plass til, med julekrybber i Spania som tema. Bente Berg har sett på temaet.

Dette er tida da vi dvelar ved minna frå året som går mot slutten, samtidig som vi så smått syslar med planar om nye opplevingar med sekken på ryggen. Send gjerne inn ditt pilegrimsminne som du vil dele med oss!

Redaksjonen, her ved Bente Eliassen, ønsker alle lesarane gode leseopplevingar!







Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues




Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.