Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
11. desember 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret er nå julestengt.
Velkommen tilbake 8. januar


< >

      
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Sunnivaleia - over sjø og land
Sist oppdatert 27.02.2017 23:08
 

https://selje.kommune.no/handlers/bv.ashx/i20b6d037-b4af-4832-9462-1db3762d3ae8/pic.jpg

Sunnivaleia knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja i Sogn og Fjordane fylke, med klosterruinane på Selja ved Stadhavet som mål. Leia går langs kysten frå Florø, om Kinn, over Bremangerlandet, via Vågsøy og til Selje. Prest og lokal kjentmann er med.

Det er Kinn – Selja som er tilrettelagt og merka for vandring. Men strekninga frå Bergen til Selja utgjer heile Sunnivaleia, og er dessutan ein del av kystpilegrimsleia til Nidaros.

Velkomen som pilegrim på Sunnivaleia 2017!

Vandringa i juni 2017 er tenkt for norske og tyske pilegrimar. Det er femte gong med dette konseptet, og erfaringane er overvegande svært gode. Det er ikkje krav til språkkunnskap.

Vi startar vandringa med Kinnaspelet, eit historisk spel som m.a. presenterer  Sunnivalegenda i mektige, naturlege kulissar på øya Kinn utanfor Florø. Der er vi også med på gudsteneste i Kinnakyrkja frå 1100-talet  

Pilgrim på veg mot Selje - Foto: Lasse Fløde

Leia går både ute i terrenget (til dels ulendt) og langs veg. Deltakarane må vere fysisk i stand til å gå opp til 26 km for dagen. Det er viktig med godt skotøy eigna for både ulendt utmark og asfaltvegar, og dessutan kle som toler både regn og vind. Bagasjen vert frakta.

Overnatting
i seng eller på madrass i sovepose. Dersom ein ynskjer betre standard, som rom åleine eller oppreidd seng der det er mogeleg, må ein betala mellomlegget sjølv. 

Pris for å delta på organisert vandring er kr. 6350, - inklusive mat, spel, bagasjefrakt, transport og overnatting. Betaling til konto: 3790 15 18433 til Sunnivaleia v Kari Leine Balog.  
NB! Dersom nokon ikkje treng overnatting i Florø frå laurdag til søndag, er prisen 6000 kroner.

Vandreleiarar: Jorund Levorstad, Aud Holvik Nordpoll, prest Kari Leine Balog.
For spørsmål og påmelding: Ta kontakt med Kari Leine Balog enten på e-post: kl-balog@online.no eller på mobil +47 950 56 253.

Viktig! Vi er ikkje ein offisiell turarrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.


Her kan du lese meir:
www.sunnivaleia.no
www.kinnaspelet.no
www.seljekloster.com
www.kinnguide.no

Vandringa 2017


Laurdag 17 juni: Overnatting på Hotell Efinor i Florø. 
Ein kan koma til Kinn søndag om ein ikkje treng overnatting i Florø, men erfaringa syner at det er godt å samlast laurdag.  

Søndag 18 juni:
 Båt Florø - Kinn - Florø. Me tek  del i programmet på Kinn. Vandring rundt øya. Overnatting: Hotell Efinor i Florø.

Måndag 19 juni:
Rutebåt til Smørhamn. Vandring til Kalvåg/Frøya kirke og tilbake til Smørhamn. Overnatting: Smørhamn.

Tysdag 20 juni:
Frå Smørhamn til Grotlesanden, deretter til Ryland. Overnatting og middag på Havly.

Onsdag 21 juni:
  Vandring til Oldeide. Ferje Oldeide - Måløy. Båt til Ulevesund fyr, truleg veteranbåt.
Overnatting: på Ulvesund fyr.

Torsdag 22 juni: 
Vandring langs fjorden, 26 km til Fjordly. Overnatting: Fjordly ungdomssenter.

Fredag 23 juni:
 Vandring Bryggja - Rimstaddalen – Berstad i Selje, 18 km.
Overnatting og middag: privat i Selje.

Laurdag 24 juni:
Båt til Selja, vandring og omvisning i klosterruinane, gudsteneste i Sunnivahelleren. Overnatting og middag: privat i Selje.

Søndag 25 juni:
For dei som ynskjer det: Tur på Stadtlandet, til Dragseidet, Drage, Vestkapp, Ervik mm.  Høve til enkel overnatting i Selje til måndag utan tillegg i pris.

Transport heim: Ekspressbåt eller buss til Bergen/Oslo

 










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.