Pilegrimsfellesskapet St Jakob arrangerte ei flott fellesvandring gjennom «indrefileten» av Tunsbergleden lørdag 19. september. Responsen på invitasjonen var stor, så vi måtte faktisk seie nei til fleire, i og med at taket var sett til 20 deltakarar.
Vergudane var, som så ofte, på vår side, så vi gikk ut frå Strømsvegen i Heggedal i vakkert haustver. Tre glade hundar logra fornøgd i tillegg til alle dei startande, og vi fekk ein god start langs gardane på Strømsvegen til Eriksrud i roleg kulturlandskap. Godt å gå seg inn i turen før vi starta oppstiginga på skogsveg til Slåttabråtan, som ligg høgt og fritt i landskapet. Det var ein høveleg stad for ein kort rast før vi heldt fram på lettgått skogssti opp til Verkensmåsan, høgste punktet på turen på 380 meter. Utsynet der oppe byr på sikt heilt til Jonsnuten ved Kongsberg.
Turen mot Røyken gikk på lettrødd berg og god sti i åpen furuskog fram til Svartvannsåsen som byr på dramatikk i form av ein bratt, skogkledd skrent ned mot Svartvatn mot vest og åpne flater av Oslofjorden med roleg landskap på begge sider av vassflata. Utsynet rett fram opnar seg lett mot den frodige Røykenbygda.
Vi enda opp i ytterkanten av Kjekstadmarka og gikk slakt gjennom villastrøk på åsen før vi dukka ned mot elva Hegga og opp igjen på andre sida av vegen. På fast veg kom vi fram til vakre Røyken kirke, som stod open og tok imot oss. Pust i bakken før Caroline Serck-Hansen gav oss ein god gjennomgang av altertavla i kirka. Veldig interessant!
Togstasjonen ligg like ved kirka, og nokre takka for seg der, medan rundt ti av deltakarane vandra det siste ettermiddagsstrekket med lukta av nyskorne kornåkrar dei siste fire kilometrane på lett støvete grusveg fram til Spikkestad. Der endte vi opp på den hyggelege jernbanekaféen som kunne by på gode, til dels lokale forfriskningar og meir handfast stoff å bite i, sol på terrassen og god stemning i kveldsola.
Bente Eliassen.